Peer Gynt og eg

Et essay skrevet av min datter Ester Johanne Bjørnstad Arnesen;

En interessant tolkning av mennesket Peer Gynt som fortsetter å overraske og undre den som studerer materialet til vår største forfatter gjennom tidene, Henrik Ibsen.

«Kven er du eigentleg?», er eit spørsmål mange har vanskar med å svare på. Det kan vera på grunn av at vi stadig er i ei utvikling der vi tar inn over oss nye erfaringar og haldningar, som er med på å forme den vi er. I tillegg tilpassar vi oss etter kven vi er med og korleis situasjonen er. Dette er med på å få fram ulike sider av ein person og kan derfor gjera det vanskeleg å definera kven ein eigentleg er. Sjølv Henrik Ibsen syntest det var vanskeleg å svare på dette spørsmålet, men han gjorde eit forsøk gjennom sitt lange dikt, Peer Gynt. Her set han søkjelys på kor vanskeleg det kan vera og kva som kan hindra deg i å finne ut av kven du eigentleg er. Problemstillingar som dette er svært interessante både med tanke på meg sjølv og korleis det påverkar andre. Vidare i teksten skal eg derfor snakka vidare om kva eg som lesar har fått ut av diktet Peer Gynt og om korleis diktet påverke mitt liv og meg som person.

Kven er eg?
Diktet Peer Gynt har fått meg til å reflektera over ting eg ikkje tenkte så mykje over tidlegare. Blant anna det store spørsmålet om korleis ein finn seg sjølv, og ikkje minst korleis ein blir til. Dette får Ibsen fram på fleire ulike måtar i teksten, hovudsakeleg i femte akt. Gjennom store delar av diktet prøver Peer å hindre seg sjølv i å bli eit fullkome seg, men mot slutten endrar dette seg. Han blir endeleg ein sjåande person, og klarer å ta avstand frå seg sjølv. Peer ser seg sjølv både utanfrå og innanfrå, og forstår dermed at det å lyge og flykte frå sanninga ikkje hjelper han med å nå dei måla han ønskjer. For å komma vidare må han finne ut kven han er. Dette fortel meg som lesar at det å lage eit uekte seg hindrar ein i å bli kjend med seg sjølv og finne ut av kven ein eigentleg er.

Seinare i diket kjem vi til mannen som kappa av seg fingeren for å sleppe militærteneste. Han fekk heidersnemninga «han var seg sjølv». Nettopp fordi han gjennom sin handling viste sitt sanne eg og kva som var viktig for han. For grunnen til at han kappe av seg fingeren sin var fordi han visste at den gamle mora, forlovaren og det vesle spedbarnet ikkje ville klart seg utan han. På denne måten gav Ibsen ein slags fasit på korleis ein er seg sjølv. Det å reflektere over handlingane mine kan nemleg hjelpe meg med å finne ut av kven eg eigentleg er.

Heilt i slutten av Peer Gynt spør Peer Solveig: «kor var eg meg sjølv?». Solveig svarte: «i trua mi, i håpet mitt og i kjærleiken min». Dette kjenneteiknar tilværedydar, noko som betyr at det er gjennom dei tre dimensjonane som Solveig nemnde, at ein blir til. Det var der Peer hadde vore seg sjølv. På denne måten viser diktet meg korleis ein blir til og korleis ein dannar eit sjølv – det må finnast tro, håp og kjærleik.

Ein annan ting å merka seg er at Solveig er blind. Dette fjernar eit av dei viktigaste sanseinntrykka hennar, og ofte førar dette til at andre eigenskapar blir forbetra. Med tanke på kor god, tolmodig og reflektert Solveig var, får eg inntrykk av at den forsterka eigenskapen kan ha vore å kome i kontakt med eit djupare lag i seg sjølv. Når ein lukkar sine eigne auge får ein ofte kjensla av å vere sperra inne i sitt eige hovud, det er berre deg og fantasien din som står for tankane. Ein begynner å grave djupare og djupare, og til slutt kanskje du sit igjen med å ha funne deg sjølv. For i tankane dine er du åleine, her vil ingen gjere ei vurdering av deg. Derfor er det kanskje lettare å vise fram sitt sanne seg der. På denne måten fortel diktet meg at det å gå inn i eit djupare plan i meg sjølv kan hjelpe meg med å finne ut kven eg eigentleg er.

Det er vanskeleg
«Du finn ditt sanne deg ved å lukke auga dine», er noko som får meg til å innsjå kvifor det for så mange kan vere vanskeleg å vise fram kven ein eigentleg er. For i tankane dine er du åleine, men elles i kvardagen er du omringa av andre du må tilpasse deg etter. Når ein viser sitt sanne seg ovanfor andre kan ein ofte føle seg sårbar og nesten litt naken. «Her er eg», ingen lygner, ingen halvsanninga og ingen parykk. Dette får mange til å oppleve meir sårbarheit, fordi om dei andre ikkje liker deg nå, er det faktisk «deg» dei ikkje liker. Nå er det ikkje snakk om ein fasade eller ein rolle du har gått inn i, nå er du deg sjølv. Dette meiner eg kan vere grunnen til at mange ønskjer å skjule kven de eigentleg er og heller gå inn i ein slags rolle.

I tillegg kan det at ein ikkje tør å vise fram sitt sanne eg også vere mykje på grunn av at ein sjølv ikkje vil finne ut av kven ein eigentleg er. Tenk om det ikkje er noko spesielt ved deg? Kanskje du trivast best med å berre spille ei rolle. Dette er ein av hovudtrekka til Peer Gynt. Han ønskjer ikkje å finne ut av kven han eigentleg er. Gjennom nesten heile stykke trekkjer han seg unna dei momenta som kan gjere han til eit fullkome seg. Han er blant anna oppteken av å flykte og oppleve nye ting heile tida. Kanskje dette er ein måte å distrahere seg sjølv slik at han gløymer kven han er?

Diktet får meg også til å tenkje over de negative konsekvensane av å ikkje ville finne seg sjølv. Gjennom store delar av diktet var Peer på ein konstant leiting etter distraksjonar som skulle få han til å gløyme seg sjølv. Dette gjorde at han ble så oppteken av å skjule sitt verkelege seg, at han gløymde av de rundt han som han var glad i, og som var glade i han. Her får diktet fram tydinga av å klare å distansere seg frå seg sjølv og sjå seg sjølv utanfrå. For om ein fokuserer for mykje på ein sjølv, kan du miste de gode menneska du har rundt deg.

Innsikt
Diktet gir meg meir innsikt i å forstå meg på andre menneske. Det at folk slit med å vise sitt sanne seg eller det å i det heile tatt finne det, kan gjere at folk oppfører seg annleis enn det dei elles ville gjort. Ein kan fort tenkje at Peer Gynt var ein skikkeleg egoist, men om ein innser at han faktisk sleit med å godta seg sjølv, får i alle fall eg eit anna syn på det. Han hadde det ikkje lett med seg sjølv, noko som definitivt var med på å påverke handlemåtane til Peer.

Undervegs i diktet får vi også vite at Peer har hatt ein vanskeleg oppvekst med en alkoholikar som far. Dette har heilt klart vore med på å påverke den vidare utviklinga av Peer. På grunn av Peer sin vanskelege oppvekst er det mogeleg at han ikkje klarte å utvikle ein ordentleg tilknytingsevne, noko som heilt klart spilte ein viktig rolle i diktet. For dette gjer at han ikkje klarer å få ein ekte kjærleik eller omsorgskjensle ovanfor personane i Peer sitt liv, noko som fører til egoisme. Ein kan godt si at dette var avgjerande for måten han behandla dei andre karakterane i diktet på. Nesten heile diket går ut på at Peer forlèt menneske han omgåast med og stadane han kjem til. Han forlèt blant anna sin sjuke mor, Ingrid på fjellet, den grønkledde dama og den kjære Solveig.

Alt dette får meg til å tenkje meir over åtferda til andre og kvifor dei oppfører seg slik. Alt er ikkje alltid berre svart-kvitt. Du må lese mellom linjene. Du vet ikkje kva alle andre har opplevd tidlegare eller om dette påverkar oppførselen deira. Det finnast sjølvsagd folk som berre er reine dritsekker, men som oftast er det ein forklaring bak det. Og i mange tilfelle er det psykiske problem som spiller inn, slik som vi ser i Peer Gynt.

Dette er som sagt korleis eg oppfattar diktet, det er ikkje sikkert Ibsen tenkte slik da han skrev diktet for 150 år sidan. Eg les diktet ut ifrå dagens kunnskap om mennesket og menneskets psyke. Samstundes vart diktet skrive i ei tid der ein fekk meir og meir auga opp for kjensler og djupne i menneska, så Ibsen var nok inne på noko større enn det han kanskje innsjå sjølv.

Etter å ha lese meg opp på Peer Gynt har eg fått mange gode idear om korleis eg kan klare å finne ut kven eg eigentleg er. I tillegg veit eg kva som kan hindre meg i å finne meg sjølv, nemleg å lage meg eit uekte sjølv og gå inn i roller. Samstundes har Peer Gynt sine utfordringar fått meg til å reflektere meir over og vere meir tolmodig når det kjem til andre sin åtferd. Dermed kan eg si at eg etter å ha lese diktet sit igjen med meir innsikt, rettleiing og nokre gode råd som er verdt å ta med videre i livet.

Kildeliste: B. Ninja (Regissør og programskaper). (2019). – Hemmeligheten bak Peer Gynt [Episode fra TV-serie]. Peer Gynt-kveld. NRK.

Ester Johanne B. Arnesen 18 år

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *